A-konto utbetalinga vert send til utbetaling i veke 7
A-konto utbetalinga vert send til utbetaling i veke 7. Vi vonar at pengane er på organisasjonane sine konti seinast i løpet av veke 8. Brev om tilskot bør vere hjå dei organisasjonane som får tilskot i byrjinga av veke 8.
Tilskotet går først og fremst til organisasjonar som allereie er etablert i ordninga eller som har motteke etableringstilskot over fleire år. Utvalet tek atterhald om å kunne vurdere kvar einskild organisasjon. Dei andre organisasjonane får utbetalt tilskot så snart deira søknad er ferdig handsama.
(13/02/2008)