Print

Begrensa infomasjonsmøte i år

Informasjonsmøtet i år, den 11. august, vert begrensa til berre nye organisasjonar og nytilsette i organisasjonane.

På grunn av at det ikkje vil verte nokre endringar i forskrifta for 2005, og at utvalet har hatt møter med mange av organisasjonane det siste året, vil informasjonsmøtet i år berre vera ein grunnopplæring i forskrifta. Utvalet vil difor setje ei grense på deltaking til nytilsette i organisasjonane og tilsette i nye organisasjonar i ordninga. Møtet i år egnar seg difor best for nytilsette i organisasjonane og tilsette i nye organisasjonar i ordninga, men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne.

Informasjonsmøtet vert held i Universitetsgata 7 (6. etasje), og vil delast opp i to delar: fyrste del frå 09.00 til 11.30 for organisasjonar i gruppe 1 og 2, og andre del frå 12.30 til 15.00 for organisasjonar i gruppe 3 eller på etableringstilskot.

Påmelding til carl.gjerdrum@bufa.no innan tysdag 10. august.