Print

Fristen for å søke om tilskot for 2012 er flytta

Fordelingsutvalet gjer med dette kjent at fristen for søknad om både nasjonal og internasjonal grunnstønade for tilskotsåret 2012 vert flytta frå 15. september 2011 til 1. november 2011.



Årsaka til dette er innføring av elektroniske søknadsskjema.

Det vil framleis være mogleg å sende søknaden på papir om de ynskjer det, men vi håper flest mogleg vil gjere seg nytte av ny løysing. Vi vil halde eit informasjons-/opplæringsseminar i god tid føre søknadsfristen.

Om det skulle vise seg at vi ikkje vert ferdige med dei elektroniske skjemaene innen 1. november, vil fristen for organisasjonane som søker om tilskot etter §§ 13 og 14, uttrapping og internasjonal grunnstøtte, verte 1. desember eller 15. januar. Om dette skjer vil desse organisasjonane motta eit a-kontobeløp i januar 2012 tilsvarende 50 % av tilskotet i 2011. Søknadsfristen for etableringstilskot vil uansett bli 1. november, men organisasjonane må då søke på papir, som før. Vi vil informere om dette seinest 1. oktober i år.