Print

Informasjon om søknadsprosess for tilskotsåret 2015

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) skriv i eit brev til LNU at dei tek sikte på at søknadsfristen for tilskotsåret 2015 vert 15. desember 2014.

Fordelingsutvalet vil gjere alt for at dei elektroniske søknadsskjemaa særattestasjon for revisor skal vere klare i god tid før fristen, men må ta eit lite atterhald om når føresegna er klare frå departementet.

Utvalet tek sikte på å gjennomføre eit informasjonsmøte om den reviderte føresegna, og eit opplæringsseminar for nye organisasjonar og medarbeidarar, så snart som mogleg etter at føresegna vert sendt til oss. Me håpar at me kan gjennomføre desse seinast i midten av november 2014.

Utvalet gjer oppmerksam på at departementet har sagt at organisasjonane ikkje må samle inn nye data for grunnlagsåret 2013, og at dei vil få på plass overgangsordningar som sørgjer for dette.

Søknadsbehandling og utbetaling av tilskot
Utvalet vil utbetale eit a-konto beløp i slutten av januar 2015 til dei organisasjonane som har søkt innan fristen og som fekk tilskot for tilskotsåret 2014. A-konto beløpet verte 50 % av tilskotet som vert gitt for tilskotsåret 2014. Søknadene vert behandla fortløpande våren 2015, og utvalet håpar å ha alle vedtak klare innan mai 2015. Unntaket vil vere for dei organisasjonane som søkjer om etablerings- og uttrappingstilskot, der første utbetaling kjem så snart sakshandsaminga er sluttført.

Dersom noko er uklart eller det er andre spørsmål om søknadsprosessen for tilskotsåret 2015, kan organisasjonane ringe eller sende e-post til Fordelingsutvalet sitt sekretariat:

E-post: fordelingsutvalget@bufdir.no
Telefon 46 61 51 46 (Carl) eller 46 61 79 22 (Ellen)