Print

Informasjonsmøte og opplæringsseminar 10. desember

Fordelingsutvalet inviterer til informasjonsmøte om den reviderte føresegna og opplæringsseminar onsdag 10. desember.

Informasjonsmøtet vert halde kl. 10.00-11.30.
Opplæringsseminaret vert halde kl. 12.15-15.00.

Me serverar lunsj til deltakarar som er med på begge arrangementa.

For påmelding, send ein e-post til fordelingsutvalget@bufdir.no innan tysdag 9. desember kl. 12.00. Ver venleg og spesifiser om påmeldinga gjeld informasjonsmøtet, opplæringsseminaret eller begge deler.

Både informasjonsmøtet og opplæringsseminaret vert halde i Flagstadsalen på Thon Hotel Opera, Dronning Eufemias gate 4, Oslo.

På informasjonsmøtet vil me ta ein gjennomgong av endringane i føresegna etter revisjonen. Me vil oppmode alle organisasjonane til å delta. Kvar organisasjon kan delta med inntil to representantar.

Opplæringsseminaret er ei grunnopplæring i regelverket rundt Fordelingsutvalet si tilskotsordning. Det er først og fremst retta mot nye tilsette i organisasjonane og nye organisasjonar i ordninga, men alle som ønskjer å delta er velkomne. Me vil oppmode alle organisasjonane til å delta jamleg på opplæringsseminaret.

Organisasjonar som har sitt hovudsete utanfor Oslo får dekka reiseutgifter for inntil to personar.