Print

Informasjonsmøtet er flytta til 27. september 2012

Det har diverre vore naudsynt å endre dato for informasjonsmøte og opplæringsseminar.

Endeleg dato er torsdag 27.9.2012, kl. 10.00 – 14.00. Stad er Felix Konferansesenter (Bryggetorget 3). Auditorium 2.

Eit hovudtema på møtet vert ein gjennomgang av ny elektronisk prosedyre for søknader om driftstilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane. Vi oppfordrer difor organisasjonane allereie til å gjere seg kjend med skjemautfylling og -innsending via Altinn.


PÅMELDING


Hugs: Å fylle ut og signere søknadar/skjemaer i Altinn følgjer «roller» som er oppgjevne til Brønnøysundregistrene (Enhetsregisteret). I utgangspunktet er det «rollene» styret sin leiar og dagleg leiar som har moglegheit til å fylle ut og signere søknaden/skjemaet. Det er difor særs viktig at alle organisasjonar har oppdaterte opplysningar i Enhetsregisteret. Hugs òg at føresegna § 30 setter følgjande krav til signatur: «Søknad skal være datert og signert av to personer: a) den valgte leder for organisasjonen og b) den daglige leder i sentralleddet på søknadstidspunktet, eventuelt en annen som styret har gitt fullmakt til å signere på vegne av organisasjonen.»

Vi kjem attende med meir informasjon skriftleg og på informasjonsmøtet/opplæringsseminaret 27.9.2012, men det er viktig at organisasjonane byrjar å lære seg skjemautfylling i Altinn.