Print

Melder økonomisk rot til politiet

Ei granskning av dei to somaliske ungdomsorganisasjonane SUKAO og SUS, som i ei periode over tre år har motteke omlag 4 millionar kroner i statleg stønad, syner at organisasjonane har hatt særs manglande reknskapsrutinar og uorden i økonomien. Forholdet vert no meldt til politiet.

Dei to somaliske organisasjonane ”VI KAN – Somalisk Ungdomssenter” (SUS) og ”Somalisk Ungdoms Kultur og Aktivitetsorganisasjon” (SUKAO) fekk til saman ca 4 mill kr i stønad frå Sosial- og helsedirektoratet (Shdir), Utlendingsdirektoratet (UDI), Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Fordelingsutvalet i 3-årsperioden 2004 – 2006.

Pengane frå Fordelingsutvalet er gjevne til SUKAO som nasjonal driftsstønad i form av etablerings-tilskot. Pengane fra SHdir og IMDi er i all hovudsak gjevne til aktivisering og arbeidstrening av personar med svak tilknytnad til arbeidsmarknaden (Shdir), og til eit tidsavgrensa forsøk om korleis somaliere kunne hjelpe utsett ungdom med somalisk bakgrunn (UDI og IMDi).

I oktober 2006 vart det lagt fram påstandar om økonomisk rot og manglande gjennomføring av prosjekt i dei to organisasjonane i samband med eit dokumentarprogram i TV2.

I kjølvatnet av at desse påstandane vart lagt fram, hyra dei tre direktorata og Fordelingsutvalet PricewaterhouseCoopers AS (PwC) for å granske forholda. Rapporten frå granskinga avdekkjer at reknskapsføringa i organisasjonane er dårleg og at dokumentasjonen av korleis pengane er nytta har store manglar. På bakgrunn av dette har direktorata og Fordelingsutvalet meldt organisasjonene til politiet for å få granska om det er gjort noko straffbart.

Direktorata og Fordelingsutvalet har òg rapportert organisasjonane sin revisor til Kredittilsynet for å få vurdert om han har oppfylt sine plikter.

Granskningsrapporten er unnteken offentlegheita grunna politiet si etterforskning.