Print

Nytt Fordelingsutval

Frå og med 1. september er eit nytt Fordelingsutval på plass.

Utvalsmedlemmene Arne Petter Gahre og Line Lunde har takka av etter fleire år i utvalet. Arne Petter har trufast tent Fordelingsutvalet sia 1998 - dei to fyrste åra som varamedlem, og deretter som fast medlem. Line Lunde har vore utvalsmedlem sia 2001.

Ut av utvalet går også Pål Winnæs, Kjartan Allmenning og Bjarnhild Hodneland, som alle har vore varamedlemmer dei siste to åra.

Nils Hidle og Kjersti Grøtting vil fortsette i utvalet som varamedlemmer.

Nye i utvalet er Ruth Stenersen (Barne-, ungdoms- og familieetaten), Elvis Nwosu (Oslo Kommune), Inge Carlén (Hyperion/LNU), Camilla Sandbakken (Changemaker) og Leiv Opstad (Trondheim Økonomiske Høyskole).