Print

Nytt offentleg utval skal sjå på statleg støttepolitikk til barne- og ungdomsorganisasjonane

Eit offentleg utval som skal vurdere den statlege støttepolitikken overfor dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane vart fredag 9. september oppnemnd i statsråd.

Utvalet skal utrede prinsipielle spørsmål kring stillinga til dei friviljuge barne- og ungdomsorganisasjonane i samfunnet, og utrede og kome med forslag til korleis statlege styresmakter kan sikre best moglege rammevilkår for å fremje utvikling av og vekst i organisasjonane. Utvalet skal levere rapporten sin innan 30. juni 2006.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane står sentralt i oppveksten til barn og unge. Vi må difor sørge for at politikken overfor desse organisasjonane er i tråd med endringar i organisasjonslivet og i samfunnet, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Utvalet er sammensett av:

Forskar Guro Ødegård (leder), Oslo (37)
Næringsrådgjevar Dilek Ayhan, Bærum (26)
Student Hans Augun Parmann, Tromsø (23)
Nettredaktør Christoffer Grønstad, Gjøvik (27)
Student Christer Hodne Bjørge, Bergen (23)
Dagleg leiar Kristin Aase, Oslo (44)
Advokat Ramborg Elvebakk, Oslo (44) (leiar av Fordelingsutvalet)
Seniorforskar Svein Ingve Nødland, Stavanger (50)
Lærar Alise Narjord, Røyken (26)

Les heile pressemeldinga her!