Print

Opplæringsseminar 2016

Fordelingsutvalet sitt årlege opplæringsseminar vil i år verte avholdt onsdag 15. juni, kl. 11.00 – 15.00, i Holdberg Terrasse Kurs- og Konferansesenter i Stensberggata 25-27, Oslo, 1. etg.

Påmelding skjer via denne lenka: Påmelding.

Påmeldingsfristen er måndag 6. juni.

Opplæringsseminaret er ei grunnopplæring i regelverket om tilskot til friviljuge barne- og ungdomsorganisasjonar. Det er fyrst og fremst retta mot nyansatte i organisasjonane og nye organisasjonar i ordninga, men alle som ønskjer å delta er velkomne. Vi ber organisasjonane om å delta ofte på seminaret. Ved sidan av ei grundig gjennomgang av regelverket, vil vi gjennomgå meir om dokumentasjonskrav, gje tips om å hente inn, oppbevare og kvalitetssikre grunnlagsdokumentasjon, og si litt om vår gjennomføring av kontroll mm.

Organisasjonar som har sitt hovudsete utanfor Oslo får dekka reiseutgifter for éin person.