Print

Revisjon av føresegna – endring av søknadsfrist for 2015

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) har gjeve Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i oppdrag å revidere «Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner».

Forslag til reviderte føresegn skal sendast BLD innan fredag 13. juni 2014, og BLD tek sikte på at den reviderte føresegna vert gjeldande frå 2015.

Dette betyr at Fordelingsutvalet må vente med å leggje ut søknadsskjema og særattestasjon for revisor for tilskotsåret 2015 til den nye føresegna er på plass. Det betyr også at søknadsfristen for 2015 mest sannsynleg vert flytta frå 15. september 2014 til seinare på året. Vi vil gje ytterlegare informasjon så snart vi veit noko meir.

Fordelingsutvalet vil også avlyse opplæringsseminaret den 28. mai (sjå eiga nyhendesak).