Print

Søknadsfrist for tilskotsåret 2015 vert 15. januar 2015


Søknadsfristen for tilskotsåret 2015 for båe nasjonal og internasjonal grunnstønad vert 15. januar 2015. Søknadsskjemaene opnast seinast 15. desember 2014.

Vi minner om at det vert utbetalt et a-konto beløp tilsvarande 50 % av tilskotet for tilskotsåret 2014 i slutten av januar/byrjinga av februar. Dette gjeld ikkje organisasjonar som ikkje fekk tilskot i 2014 eller organisasjonar på etableringstilskot.

Utvalet vil gjennomføre eit informasjonsmøte og opplæringsseminar i byrjinga av desember i år. Førebes er tidspunktet onsdag 10. desember, men datoen avhenger av når føresegna er klar frå departementet. Vi vil komme tilbake med tid og sted så snart dette er klart.

Særattestasjon for revisor for tilskotsåret 2015 er lagt ut under "Skjema/Papirskjema". Sidan departementet har informert om at alle endringar som gjeld grunnlagsdokumentasjon i den reviderte føresegna vil verte omfatta av overgangsregler, er attestasjonen nesten identisk med attestasjonen for tilskotsåret 2014. Det er riktig nok gjort to tilføyingar: 1) revisor skal krysse av for om han/hun har lest brukarmanualen for særattestasjonen, og 2) revisor skal svare på eit spørsmål om organisasjonen si årsrekneskap.

Overgangsreglene inneberer at organisasjonane skal bruke den same definisjonen for teljande medlemmer, lokallag og sentrale kurs som er i føresegna for i år (2014). Dermed kan organisasjonane telle medlemmer, teljande medlemmer, teljande lokallag og deltakardagar på sentrale kurs på same måte som for tilskotsåret 2014, og trenger heller ikkje innhente annen medlemsdokumentasjon, årsrapporter eller kursdokumentasjon enn den som ville ha blitt innhenta dersom det ikkje hadde vore ei forskriftsrevisjon.