Print

Søknadsfrist grunnstønad og innføring av nytt regelverk

Barne- og likestillingsdepartementet går inn for å innføre eit nytt regelverk for grunnstønad til frivilljuge barne- og ungdomsorganisasjonar som skal gjelde frå og med tilskotsåret 2008.

Departementet arbeider no med eit utkast til ny føresegn, som vert sendt ut til alle barne- og ungdomsorganisasjonane på høyring i løpet av juli og med høyringsfrist 1. oktober. Ein siktar mot å ha ei ferdig føresegn i desember 2007, med søknadsfrist 1. februar 2008 for tilskotsåret 2008. Det fylgjer av dette at ordinær søknadsfrist for nasjonal og internasjonal grunnstønad 1. september fell bort. Eit á kontobeløp vil etter innsend søknad i februar 2008 verte betalt ut til organisasjonar som i dag er innanfor tilskotsordninga for grunnstønad. Dette vil deretter verte motrekna organisasjonanes tilskot etter det nye regelverket.