Print

Søknadsskjemane vert laga på nytt

På grunn av ei alvorleg feil i dei tre skjemane for § 13, § 14 og etableringstilskot må vi leggje dei ut på nytt i Altinn fredag 19. desember. Diverre betyr det at informasjon som allereie er lagt inn eller skjema som allereie er sendt inn kan gå tapt.

Det ser ut til at feilen er at det ikkje vert generert ein pdf som viser innhaldet i søknaden. Det betyr at vi må gjere endringar i skjermane, og produsere desse på nytt. Konsekvensen av det er at dykkar skjema mest sannsynleg kan gå tapt. Både dei som er sendt inn og dei som de har begynt å fylle ut. Dermed må søknadsskjemaet fyllast ut på nytt.

Vi beklagar dette sterkt, og er klar over at det skaper ulemper for mange!

For dei som har sendt inn søknaden allereie: Dersom de vil sjå kva de har skrive inn, kan de gå inn på «Min meldingsboks» og så «Arkivert» i Altinn. Utanfor søknaden kan de trykke «Lag ny kopi». Da vil de få opp søknaden på nytt og de kan eventuelt ta ein «skjermdump» eller notere dykk innhaldet.

Skjemane vil bli publisert på nytt førstkomande fredag, 19. desember.

Igjen – beklagar!!