Print

Regelverket

Fordelingsutvalet forvaltar to ulike stønadsordningar for frivillige, landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonar:



1. Nasjonal grunnstønad (føresegna §§ 5 - 20)

Alle organisasjonar som har rett til stønad gjennom denne ordninga (sjå føresegna § 2), kan søkje om nasjonal grunnstønad. Denne stønaden vert gitt på bakgrunn av sju variablar:

1. Talet på medlemmer under 26 år som har betalt kontingent i grunnlagsåret (teljande medlemmer - føresegna § 6)
2. Talet på teljande lokallag (føresegna § 9)
3. Talet på deltakardager på sentrale kurs (føresegna § 11)
4. Andel faste styremedlemmer av kvart kjønn i organisasjonen si sentralleiing (føresegna § 16, tredje ledd, a))
5. Andel faste styremedlemmer under 27 år i organisasjonen si sentralleiing (føresegna § 16, tredje ledd, b))
6. Andel teljande medlemmer i organisasjonen (føresegna § 16, tredje ledd, c))
7. Grad av sjølvstende hos organisasjonar med meir enn 50 % teljande medlemmer i organisasjonen (føresegna § 16, tredje ledd, d))

Søknadsfristen for nasjonal grunnstønad er normalt 15. september kvart år. Du kan finne søknadsskjemaet ved å trykke på "Skjemaer".

2. Internasjonal grunnstønad (føresegna §§ 21 - 23)

Alle organisasjonar som oppfyller dei generelle inngangskrava under §§ 13 og 14 (sjå føresegna §§ 13 og 14) kan søkje om internasjonal grunnstønad (føresegna § 21). Denne stønaden vert gitt på bakgrunn av aktivitetar representantar for organisasjonen har vore på i land utanfor Norden. Det vert gitt eitt poeng per deltakar på aktivitetar i Europa, og tre poeng per deltakar på aktivitetar utanfor Europa. Aktivitetane kan vere internasjonale møte, seminar, konferansar, studiereiser og delegasjonsreiser. Det finnst nokre aktivitetar som ikkje kan takast med i ein søknad, og dei er lista opp i føresegna § 22.

Er det noko du lurer på når det gjeld regelverket? Prøv spørsmål og svar sida