Print

Fordelingsutvalet

Fordelingsutvalet er eit eige forvaltningsorgan direkte underlagt Barne- og likestillingsdepartementet (BLD). Utvalet si hovudoppgåve er å tildele tilskot til dei landsomfattande friviljuge barne- og ungdomsorganisasjonane. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er sekretariat for utvalet.

Fordelingsutvalet har sju medlemmer som vert oppnemnde av departementet. Leiaren, nestleiaren, to medlemmer og ein varamedlem vert oppnemnd på fritt grunnlag. Tre medlemmer og ein varamedlem vert oppnemnd etter forslag frå organisasjonane. Minst to av desse skal vere tilslutta Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) og vere foreslått av LNU.

Fordelingsutvalet skal mellom anna:
  • kunngjere og gje informasjon om tilskotsordninga

  • dele ut tilskot i samsvar med føresegna om tilskot til friviljuge barne- og ungdomsorganisasjonar av 29. november 2007 med endringar av 15. september 2009.

  • førebu klagesaker, omgjere vedtak eller oversende klagen til BLD

  • gje BLD råd i eventuelle spørsmål om tilskotsordninga

  • Fordelingsutvalet er også pålagd å sørgje for naudsyn kontroll med organisasjonar som mottek tilskot i samsvar med regelverket.



Fordelingsutvalet (2009 – 2012)
NavnStilling
Ingrid Bergumleiaradvokat
Lasse BirkelandnestleiarNORAUDIT DA
Eirik Rostad Nessmedlem av utvaletSparebanken Sogn og Fjordane
Bodil Rake Lystrupmedlem av utvaletMattilsynet
Inge Carlénmedlem av utvaletHyperion
Eli M. Ulvestadmedlem av utvaletNoregs Ungdomslag
Bjarne Kristoffersenmedlem av utvaletUnge Funksjonshemmede
Jon Christian OttersenvaramedlemStatens Institutt for forbruksforskning
Gunhild Grande StærkvaramedlemFrikirkens barn og unge
Gisle LundevaramedlemSkjærgårds LIVE


Fordelingsutvalet avlegg rapport til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet kvart år, i samsvar med instruks. instruks2010

Årsrapporten inneheld mellom anna oversikt over utvalet si samansetning, dei årlege utvalsmøta, tildeling av tilskot, kort om kontroll (det vert laga eigne kontrollrapportar), og saker av prinsipiell karakter.