Ofte stilte spørsmål og svar

Fordelingsutvalet tek i mot ei rekkje spørsmål frå enkeltpersonar og organisasjonar i løpet av eit år. Under finn de svara på dei fleste av desse spørsmåla. Er de framleis usikre på noko etter å ha lese svara så ta kontakt med sekretariatet.

Kva er Fordelingsutvalet?
Informasjon om fordelingsutvalet.

Korleis kjem eg i kontakt med Fordelingsutvalet?
Du kjem i kontakt med utvalet ved å kontakte sekretariatet.

Kva kan de hjelpe organisasjonar med?
Fordelingsutvalet gjev mellom anna informasjon om føresegna, handsamer søknader om tilskot, hjelper organisasjonar og enkeltpersonar med spørsmål knytt til tilskotsordninga, tilbyd kurs og opplæring, fordeler tilskot og førebur klager.

Kan de hjelpe med spørsmål om økonomi?
Fordelingsutvalet har laga ei handbok om økonomi i friviljuge organisasjonar. Ho ligg nest på sida.

Kven kan få stønad frå Fordelingsutvalet?
Landsomfattande og frivillige barne- og ungdomsorganisjonar eller strukturar kan få stønad. Organisasjonane må også stette krava i føresegna sin § 2 og føresegna sine §§ 13-17 utdjupar dette.

Er det nokre typer organisasjonar som ikkje kan få driftsstønad frå Fordelingsutvalet?
Ja, føresegna sin § 2 slår fast at støtte ikkje vert gjeve til fylgjande:
" a) interesseorganisasjoner for barn og ungdom i utdanning,
b) idretts- og gymnastikkorganisasjoner,
c) organisasjoner som har forretningsdrift som formål eller som tjener utenforstående kommersielle interesser,
d) organisasjoner med ulovlig eller støtende formål, herunder rasistiske organisasjoner og/eller organisasjoner som diskriminerer mennesker, samt spilleklubber med pengeinnsats, eller.
e) organisasjoner som fremmer negative holdninger til mennesker på basis av kjønn, etnisitet, religion, nedsatt funksjonsevne eller seksuell orientering.

Partipolitiske ungdomsorganisasjoner omfattes ikke av denne forskriften hva gjelder tildeling av nasjonal grunnstøtte, da utmåling av nasjonal grunnstøtte til disse organisasjonene baseres på moderpartiets stemmetall ved siste stortingsvalg. Partipolitiske ungdomsorganisasjoner kan motta internasjonal grunnstøtte etter reglene i denne forskriften, jf. kapittel 5. Forskriften gjelder da fullt ut."

Organisasjonen vår planlegg eit spanande prosjekt. Kan vi søkje Fordelingsutvalet om stønad?
Nei, det vert ikkje gjeve stønad til prosjekt, berre drift, men stønad ein får til drift kan nyttast til aktivitet for medlemmane i organisasjonen.

Kvar finn vi søknadsskjema?
Frå og med søknadsåret 2016 innfører Fordelingsutvalet eit nytt system for søknadar. Me går då bort i frå å nytte Altinn søm løysing for søknadar, og alle organisasjonane skal sende inn søknad i det nye systemet. Me legg ut meir informasjon og link til løysinga så snart søknadsskjemaet er klart, og i god tid før søknadsfristen.

Har Fordelingsutvalet ei rettleiing til organisasjonane?
Ja, det er laga ei rettleiing. Ho er diverre berre på bokmål.

Kvar finn vi føresegna om støtte til barne- og ungdomsorganisasjonar?
Føresegna føreligg diverre ikkje på nynorsk. I teksten er det også peikarar til presedensarkivet. Føresegna kan tingast frå Fordelingsutvalet óg.

Eg/vi ynskjer å starte/etablere ein organisasjon. Korleis går vi fram?
Det er ikkje nokon fasit på dette, men det er fleire tips og råd å få på vegen. Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) har lang erfaring med å hjelpe unge som ynskjer å etablere ein organisasjon. Ta kontakt med ein av LNU sine konsulentar.

Barne- og ungdomsorganisasjonene i Oslo (UngOrg) har laga ei rettleiing som gjev gode råd.

Kan vi få stønad frå Fordelingsutvalet til å starte/etablere ein organisasjon?
Det vert ikkje gitt stønad til å stifte/etablere organisasjonen som så, men til å etablere organisasjonen i denne ordninga. Det vert då sett lågare krav til organisasjonen. Føresenga sin § 17 utdjuper krava til etableringsstønad.

Kor mykje får ein i nasjonal driftsstønad frå Fordelingsutvalet?
Dette varierer med tanke på kor stort beløp departementet har sete av til tilskotsordninga for det aktuelle tilskotsåret. Vidare vil det variere med tanke på korleis organisasjonane med rett til tilskot i ordninga skårar på dei variable utmålingskriteria: talet på teljande medlemmer, talet på teljande lokallag, talet på deltakardagar på sentrale kurs, del av faste styremedlemmer under 27 år i organisasjonen sitt sentralstyre, del av faste styremedlemmer av kvart kjønn i organisasjonen sitt sentralstyre, del av teljande medlemmer i organisasjonen og grad av sjølvstende hjå organisasjonar med meir enn 50 % teljande medlemmer i organisasjonen.

Kan ein sjå ei oversikt over kva ulike organisasjonar har fått i dritsstønad?
Ja, ved å nytte nedtrekksmenyane på sida "tildelingar".

Kva er skilnaden på grunn- og bonuspoeng?
Grunnpoenga til ein organisasjon vert rekna ut frå talet på teljande medlemmer, talet på teljande lokallag og talet på deltakerdagar på sentrale kurs. Bonuspoengene får ein på toppen av grunnpoenga. Bonuskriteria er i fylgje føresegna:
" a) Minimum 40 % av hvert kjønn i sentralledelsen = 10 % av grunnpoengene.
b) Mer enn 50 % medlemmer i sentralledelsen under 27 år pr 31. desember i grunnlagsåret = 20 % av grunnpoengene. For å få bonuspoeng etter dette kriteriet må de medlemmene i sentralledelsen som er under 27 år per 31. desember i grunnlagsåret ha vært tellende medlem da de ble valgt inn i sentralledelsen.
c) Minimum 50 % tellende medlemmer av det totale antallet medlemmer = 60 % av grunnpoengene.
d) Selvstendighet, jf. § 5 c), der minimum 50 % av organisasjonens totale antall medlemmer er tellende medlemmer = 20 % av grunnpoengene.

Organisasjoner som mottar tilskudd etter § 14 første ledd, og hvor organisasjonen retter seg mot en målgruppe med en diagnose som har en vesentlig overhyppighet hos ett kjønn og som derfor ikke vil kunne oppfylle utmålingskriteriet etter tredje ledd bokstav a), vil få beregnet bonuspoeng tilsvarende 10 % av grunnpoengene.

Den enkelte organisasjons grunnpoeng (GP) slås sammen med organisasjonens bonuspoeng (BP) og utgjør til sammen organisasjonens totale poeng (TP): GP + BP = TP."

Kva treng Fordelingsutvalget for å rekne ut bonuspoeng?
All informasjon vi treng finn ein på søknadsskjemaet. Om dette vert fylt ut rett, har vi det som skal til for rekne ut bonuspoeng.

Vår organisasjon har for mange jenter i sentralstyret for å oppfylle kravet til bonuspoeng for kjønnsbalanse i sentralstyret. Kvifor vert vi straffa for dette?
Det er viktig å hugse at det er ingen som vert straffa, men at det er dei som oppfyller krava som vert premiert. Samansetnaden av sentralstyret når det gjeld kjønn gjeld båe jenter og gutar.

Kan varamedlemmer takast med når det gjeld sentralstyrets samansetnad?
Nei, berre faste styremedlemmer. Dette går fram av BLDs høyringsbrev til ny føresegn (s.6).

Korleis dokumenterer vi samansetnaden til sentralstyrets?
I fylgje føresegna sin § 28 skal sentralleddet i organisasjonen ha ei oversikt med namn, kjønn, fødselsår og innvelgingstidspunkt for personar som var medlem av sentralstyret per 31.desember i grunnlagsåret.

Kan de gje eit døme på kven vi kan ta med i søknaden når det gjeld unge i sentralstyret?
Ein person som fylde 25 år i 2013 og vart vald inn i sentralstyret i 2013 er teljande medlem og kan takast med for dette grunnlagsåret. Ho kan òg reknast med i grunnlagsåret 2014 om ho framleis er sentralstyremedlem (fyller 26 år). I grunnlagsåret 2015 vil ho fylle 27 år og såleis ikkje kunne reknast med sjølv om ho framleis er medlem av styret. Husk at ho også må fylle dei andre krava til teljande medlem jf. føresegna sin § 6.

Kva tid vert grunnstønaden betalt ut?
Grunnstønad vert utbetalt normalt med ein midlertidig halvpart i januar i tilskotsåret og resten i juni i tilskotsåret.

Må vi søkje om driftsstønad på ny kvart år?
Ja, det må søkjast om stønad for kvart enkelt tilskotsår.

Kva meiner de med grunnlagsår, søknadsår og tilskuddsår?
Ein søkjer på bakgrunn av data frå grunnlagsåret (det året som legg grunnlag for opplysningar om antall teljande medlemmer og lokallag osb). Søknadsåret er året etter grunnlagsåret. Tilskotsåret er året etter søknadsåret. For tilskotsåret 2016 var 2014 grunnlagsår, og 2015 søknadsår.

Kor mange teljande medlemmer og lokallag må organisasjonen vår ha for å kunne få driftsstønad?
Organisasjonen må ha minst 700 teljande medlemmer (jf. § 6), minst 5 teljande lokallag (jf. § 9), og teljande lokallag i minst 5 fylker. For mindre organisasjonar er kravet minst 100 teljande medlemmer og to teljande lokallag i ulike fylker. Fordelingsutvalet kan dispensere frå kravet om del av teljande medlemmer for mindre organisasjonar.

Kva tyder det at ein organisasjon skal vere landsdekkjande?
Dette tyder at organisasjonen skal ha teljande medlemmer og lokallag i fleire delar av landet. Sjå også forrige spørsmål og svar.

Kva meniner de med kravet om at ein organisasjon skal vere demokratisk?
Det kan vere ulike meningar om kva som gjer en organisasjon demokratisk. Føresenga set jamvel nokre krav. Sjå spesielt a, b, c, d, e, og j i forskriftens § 13.
Forskriftens § 2 er også sentral.
I tillegg kan ein lese artiklane i presedensarkivet om krav til demokrati.

Vi er ein ganske liten organisasjon. Kan vi jamvel søkje om driftsstønad frå Fordelingsutvalet?
Ja, de kan søkje, men bør lese krava til mindre organisasjonar i føresegna sin § 14.

Kva er skilnaden på eit medlem og et teljande medlem?
Se føresegna sin § 6 om teljande medlem og § 7 om medlem.

Er det nokre aldersgrenser som er viktige for å få stønad?
Ja, det er spesielt tre aldersgrenser som er sentrale. For at eit medlem skal være teljande må det vere under fylte 26 år per. 31.12 i grunnlagsåret. Det tyder at om eit medlem fyller 26 år i løpet av grunnlagsåret kan ikkje dette medlemmet takast med i søknaden som teljande.
Alle medlemmer frå og med fylde 15 år skal ha lik rett til innverknad i organisasjonen. Har nokon frå og med fylde 15 år ikke det vil organisasjonen bryte med kravet til demokratisk oppbygnad.
Om minst 50 % av dei faste medlemmene i sentralsyret er under fylde 27 år pr. 31. desember i grunnlagsåret vil dette vere grunnlag for bonuspoeng.

Kva er eit teljande lokallag?
Sjå føresegna sin § 9 om teljande lokallag.

Må lokallaget rapportere for aktiviteten kvart år?
Dei lokallaga organisasjonen tek med i søknaden som teljande skal sende inn eit årsrapportskjema til sentralleddet i organisasjonen. Sjå føresegna sin § 10 om årsrapport.

Tel det noko kor mange kurs organisasjon vår har arrangert i år for kor mykje støtte vi kan få?
Ja, frå og med grunnlagsåret 2007 vil talet på deltakarar på sentrale kurs vere eit utmålingskriterium. Informasjon om stønad til sentral aktivitet finn ein i § 11 i føresegna.

Krev ein mykje dokumentasjon for sentrale kurs?
I fylgje føresegna sin § 27 vert det krevd: kursinnbyding, spesifisert program slik det vart gjennomførd, med kursinnhald og tidspunkt for programpostane, deltakarlister med namn, adresse, fødselsdag og eventuelt organisasjonstilknyting på alle deltakarane. Deltakarlistene for kvart kurs skal vere datert og signert av kursleiar. Av deltakarlistene skal det gå fram at deltakarane har vore tilstade minst 75 % av tida, og ei kort skildring av korleis sentralleddet var fagleg og økonomisk ansvarleg for kurset. Sjå også rettleiaren med sjekkpunktliste for sentralleddet ved registrering av kurs.

Kva tyder basisbeløp?
Dette er eit beløp organisasjonane som har rett til tilskot får som fast beløp. Grunnbeløpet i folketrygda ligg i tilskotsåret 2016 på kroner 90 068. Basisbeløpet bør ikkje settast til under to gongar grunnbeløpet.

Kva er internasjonal driftstønad?
Fordelingsutvalet kan gje grunnstønad til internasjonalt arbeid til organisasjonar som fyller dei generelle inngangskrava under §§ 13 - 14. Les meir om poenggjevande aktiviteter i føresegna sine §§ 22 og 23.

Korleis søkjer vi om internasjonal driftsstønad?
Gå inn på menyvalet skjemaer og bruk skjemaet for søknad om internasjonalt arbeid.

Kor mykje kan ein få i internasjonal driftstønad?
Dette varierer med kor mange poenggjevande aktivitetar og deltakarar organisasjonane som har rett til tilskot har og summen departementet har sett av til ordninga for det aktuelle tilskotsåret.
Du kan sjå kva ulike organisasjonar fekk i ein oversikt frå tilskuddsåret 2007 på sida "tildelingar".

Kva må vi ha på plass når vi søkjer om driftsstønad frå Fordelingsutvalet?
Dokumentasjon over medlemmer, lokallag, kurs og sentralstyremedlemmer ein søkjer på grunnlag av skal vere på plass på søknadstidspunktet. Sjå føresegna sine §§ 24-29 for dokumentasjonskrav med meir.

Kva er det viktig at vi tek vare på for å kunne dokumentere dei opplysningane vi har gjeve i søknaden?
Sentralleddet skal oppbevare dokumentasjonen som er skildra i §§ 25- 29 i 5 år regnet f.o.m. 1. januar i grunnlagsåret. Tilskotsgjevar kan for det enkelte tilskot sette strengare krav til organisasjonen og revisjonserklæring, jf. § 35 tredje ledd.

Dokumentasjonsbestemmelsene medfører ikkje nokre avgrensningar i dei bestemmingane om dokumentasjon og oppbevaringsplikt mv. som fylgjer av rekneskaplovgivninga.

Kva må vi leggje ved søknaden?
For kvart år ein organisasjon søkjer om grunnstønad skal han leggje ved:
1) Organisasjonen sin siste vedtekne årsmelding og årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsberetning frå statsautorisert eller registrert revisor, jf. § 31 nr. 3.
2) I tilfelle vedtektsendringar skal nye vedtekter oversendast, og endringane markerast tydeleg. Om dei er av betydning i forhold til tilskuddsordningane, skal organisasjonen gje ei særskilt skriftleg utgreiing om dette.
3) Relevant revisorerklæring frå statsautorisert eller registrert revisor relatert til søknad om tilskot, jf. § 31.

Årsrapportskjema og medlemslister krev ein ikkje vedlagt, men må være tilgjengeleg ved ein eventuell kontroll.

Kven skal signere søknaden om grunnstøtte?
Søknad skal vere datert og signert av den daglege leiaren i sentralleddet på søknadstidspunktet, eventuelt en annen som styret har gjeve fullmakt til å signere på vegne av organisasjonen.

Kven skal signere på årsrapportskjema og medlemslister frå lokallaga?
Lokallaget sin valde leiar eller to styremedlemmer.

Kan myndigheitene krevje å ta med seg medlemslister eller medlemsinformasjon frå organisasjonane sine lokalar?
Nei, men tilskuddsmyndigheitene og Riksrevisjonen skal få innsyn når det vert krevd.

Er det naudsynt med revisor?
Ja, organisasjonane som søkjer om tilskot må ha statsautorisert eller registrert revisor.

Kva skal revisor gjere?
Sjå føresegna sin § 31 om revisor sitt ansvar.

Kvar finn vi skjema for revisors særattestasjon?
Skjema for revisors særattestasjon finn de saman med andre skjemaer.

Kontrollerer Fordelingsutvalet opplysningane som er gjevne i søknaden?
Ja, alle opplysningar gjevne i søknadane frå organisasjonene vert kontrollert.

Korleis foregår kontrollen?
Sjå føresegna sin § 37 om kontroll og i tillegg meir informasjon om kontrollmetode under menyvalet kontroll.

Kva kan reaksjonane vere om ein ikkje kan dokumentere opplysninger gjevne i søknaden?
Føresegna sin § 38 utdjuper kva slags sanksjonsformer som føreligg.

Kva tyder presedens?
Det tyder avgjersle fatta av Fordelingutvalet, departementet, Riksrevisjonen, Stortinget eller i norsk rett som sidan kan tene som rettesnor i lignande tilfelle (saker). Fordelingsutvalet har laga eit arkiv med rettleiande avgjersler av denne typen.

Organisasjonen vår slit litt med å møte krava for tilskotsåret. Kan vi framleis få stønad?
Om de har vore i ordninga, men ikkje møter krava kan de søkje om uttrappingstilskot.

Kan ein klage på vedtak fatta i Fordelingsutvalet?
Ja, det er klageadgang på alle enkeltvedtak fatta av Fordelingsutvalet.

Vert føresegna ofte endra?
Føresegna vert endra med jamne mellomrom. Føresegna som gjeld no er frå 29. november 2007 med endringar av 15. september 2009 og endringar av 1. desember 2014. Ein la frå departementet sin side mykje ned i å få eit stabilt regelverk.

(15/06/2016)